Norddahl, Mari

Teknikk
Tekstil

Artist statement

-- Åpent atelier lør 21. september 2024 --

Eg er utdanna med master i kunst frå KMD i 2017, og arbeider med skulptur, installasjon og performance. Tekstil er mitt hovudmateriale, og objektet som fenomen er sentralt i alle mine arbeider. Eg er oppteken av korleis vi tolkar og ilegg verdi til tinga rundt oss, samtidig stiller eg spørsmål om objektet kan ha eigen vilje og bevissthet, eller om dette berre ein projeksjon av menneskelige tankar og kjensler.

Uttrykket i skulpturane mine er ofte organisk og kroppslig. Dei biletlege kvalitetane i det tekstile materialet og korleis objektet framtrer i omgjevnadene er noko eg arbeider mykje med. Eg brukar teknikkar som saum og broderi, både for hand og på maskin, og utforskar korleis tekstilet kan formidle immaterielle konsept som tid, minner, og relasjonar.

Arbeida mine oppfordrar til undring og nysgjerrigheit, og vekslar ofte mellom det absurde og leikne, og det strenge og seriøse. Skulpturar som minner om kosedyr og leiketøy er med på å stille spørsmål rundt konsum, bærekraft og det forgjengelege. Menneskets sinn, kjensler og korleis vi forheld oss til den materielle verda er tema eg er oppteken av. Mange av mine prosjekt tek difor for seg verdien til tinga rundt oss, og våre forhold til tekstilobjekt.

Besøksadresse
Blokk, Lille Markeveien 15
5005 Bergen

Kontakt
Telefon: 95083930
E-postadresse: mari.norddahl@gmail.com
Web: https://marinorddahl.no

CV

KOMMANDE
2024 Galleri Christinegaard, Bergen
2025 Skiens Kunstforening, Skien
2025, Daily Predictions, TEXST

UTDANNING
2015 - 2017 Fakultet for Kunst, Musikk og Design, UiB, Master i Kunst
2012 - 2015 Kunst og designhøgskolen i Bergen, Bachelor i Kunst
2014 Glasgow School of Art, Sculpture and Environmental Art, utveksling
2010 - 2012 Kunstskolen i Bergen

SEPARATUTSTILLINGAR
2024 Dream Weaving, Galleri Kannski, Reykjavik, Island (med Camilla Particia Sæberg)
2023 Forgotten Beings, Habitat Art Space, Bergen
2023 Just grab everything and hold onto it forever and never let it go even when it's the responsible thing to do, Afloat Contemporary, Bergen
2023 In their place, KIB inviterer tilbake, Atriet, Kunstskolen i Bergen
2022 Slowly, the thing becomes itself, BLOKK, Bergen
2022 Just grab everything and hold onto it forever and never let it go even when it's the responsible thing to do, Nye Bokboden, Bergen
Dei Lange Tinga, Sommarljom, Ørsta
2019 Snakes, Seals and Stones, Visningsrommet USF, Bergen
2018 Will you remember this? Galleri Kronborg, Bergen
2015 The Creation of Pink Energy, Galleri Fisk, Bergen (med Renate Synnes Handal)
2014 HUDA, Galleri Blunk, Trondheim

GRUPPEUTSTILLINGAR, UTVALG

2022
BLOKK 10 år, Visningsrommet USF, Bergen (kommande)

2021
BKFHsalong, Jubileumsutstilling, Hordaland Kunstsenter

2020
Recordare, Volda kyrkje
Tidsreisende, Arendal Kunstforening

2019
No Night for this Day, SÍM Gallery, Reykjavík, Island

2018
No Island II, Vadsø Kunstforening
No Island, Artists' Union Gallery, Arkhangelsk, Russland

2017
LEKAM, HardingArt, Utne
triage, Masterutstillingen i Kunst, Bergen Kunsthall

2016
Skylle, Samle, Kverne, Slipe, Velsvik i Volda kommune
Bokboden Skulpturpark, Bergen
RIFT, MA1 årsutstilling, Bergen Kjøtt

2015
Clay-Sculpture-And-Bread-Community, Agalaus Kunstfestival, Voss
Om tiden vil, og været tillater, Bachelorutstillingen i Kunst, Kunst og designhøgskolen i Bergen

2014
Dynamiske Konstanter, Gamle Arne Fabrikker, Ytre-Arna
THE WEARABLE ART SHOW, Kreuzberg Pavillion/Knipsu, Bergen
Behind these walls lies the entire earth, Skostredet, Bergen

Filthy Swans, The Whiskey Bond, Glasgow, Skottland


PERFORMANCE

2022
Together Elsewhere, Online Performance Event, PAB i samarbeid med PANCH (Sveits) (kommande)

2020
Fluctuation, PAB Open Session, Oseana, Os
Something very large or very heavy (Unplanned), PAB/PAO Performance Camp, Finse, Ulvik
Passing Time, PAB Open Session, USF Verftet, Bergen
On the Way / Bbeyond performancemøte, Belfast, Nord-Irland, GB

2019
Among the Trees, PAB Open Session, Blåmansvannet, Bergen
Det ugyldne snitt, Historierommet, USF Verftet, med Mia Øquist og Jan-Egil Finne
PAB Open Session, Spring Equinox, Mon Plaisir, Bergen

2018
Gulrot, PAB LOKAL: Familiedag på USF Verftet, Bergen
Take a Limb, Performance/workshop ifbm 25-års jubileumsfeiring for CS55 Kunstnerverksteder, Bergen
Transportation, PAB Open Session i Nygårdsparken, Bergen
Performance-impro under finissage av utstillinga Flaum av Torild Stray saman med medlemmer av PAB, Hvelvet, Oseana
Through shapeless sounds and bodies, B-Open i CS55 Kunstnerverksteder, Bergen

2017
PAB Open Session i Bokboden, Bergen
Ruler, Creator, Destroyer, PAB OPEN, Vaskerelven 8, Bergen
Body as Sculpture, LEKAM, HardingarT, Utne

2016
The Mirror Stage, HOT BLEND/Prøverommet, USF Verftet, Bergen
Hanging Piece II, After School Special, Landmark, Bergen
Hanging Piece I, SuperMatrixXXX, Hulen, Bergen

2015
I will interact with something very large or very heavy, PAB OPEN, Gamle Bergen Kretsfengsel
Do I really owe you any explanations?, Landmark, Bergen
HUDA, performance, lansering av magasinet Cirka, Oslo

2014
HUDA, performance, Galleri Bokboden, Bergen